Familiekonsert: Lille-Grieg og Store-Grieg

Arrangementsinformasjon
Default file 1484828991

Heile familien kan ta ei tidsreise tilbake til då Edvard Grieg var barn!
I konsertsalen i Kabuso sundag 19. mars kl 14.  

Medverkande:
Annett Schattauer - forteljar / fiolin

Adrian Guaita - cello
Annabel Guaita - piano

Som barn var den store komponisten Edvard Grieg både kjenslevar og fantasifull. Lille Edvard ville leika, dikta, tegna og laga musikk, og hadde lite til overs for reglar og strenge vaksenkrav. Han vaks opp i ein heim fylt med musikk og med friare tøylar enn det mange andre born hadde på denne tida.
Seinere, i musikken han komponerte som vaksen, kan du høyra at han klarte å ta vare på mykje av fantasirikdomen frå han var barn. 

Kabuso inviterer små og store med tilbake til då Grieg var liten. Forteljinga vil levandegjera livet til Grieg. Utøvararne byr på kjente og kjære musikkstykke, ukjende ungdomsverk frå notearkivet og til og med ein heilt ny komposisjon inspirert av Grieg.


Musikk: Edvard Grieg
Varigheit: 45 min
Målgruppe: Frå 7 år

musikk
edvardgrieg
barn
familie
teater

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte