Eplejazz: IPA

Arrangementsinformasjon
Default file 1486023815

Sundag 26. mars kl 14 kan du fylla med noko heilt utanom det vanlege:  Akustisk energi, inspirert samspel, sterke melodiar - frå dei fem eksepsjonelle musikarane i IPA!

Norsk-svenske I.P.A  er kjent for akustisk energi, inspirert samspel og sterke melodiar miksa med eit meir ope materiale.  Dei er tungt influerte av 60-talets Ornette Coleman og Don Cherry, men har i høgaste grad utvikla eit eige uttrykk.

Bandet består av fem eksepsjonelle musikarar som alle har mykje på hjarta og mykje å by på musikalsk. Bandet har fire utgjevingar bak seg. Det siste albumet, I Just Did Say Something, kom ut i 2016 og er eit sant meisterverk. Likefullt, dette ensemblet bør aller helst opplevast live.

IPA er: 
Atle Nymo - altsaksofon, bassklarinett
Magnus Broo - trompet
Mattias Ståhl - vibrafon
Ingebrigt Håker Flaten - kontrabass
Håkon Mjåseth Johansen - trommer

Sjekk ut IPA her

jazzkafé

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte